Sandnesgarn.no la ut ei ny gratis oppskrift i starten av juli,
og sidan eg var utan prosjekt, satte eg forrige onsdag i gong med denne.
Eg gjorde kanskje eit rart garnvalg, for denne blei i babyull, men eg ville bruke av restegarnet mitt.
Denne er enkel å strikke,
og sidan eg strikka den mindre enn oppskrifta for å få den til å passe til storesøster på 6 år, gjekk det fort.
Eg var ganske bestemt på å bli ferdig idag, slik at eg kan ha med meg mitt nye prosjekt på ferie.
Så her er resultatet:
Vrangemasker med kast mellom ein veg, og rettemasker og slepp ned kasta andre veg |
Lagt opp med dobbeltråd |
Så kjekt med ferdige prosjekt, og storesøster ville visst ha den med på ferie.
Ha ei fin ny veka!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar