Viser innlegg med etiketten uteliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten uteliv. Vis alle innlegg

søndag 12. oktober 2014

Søndagstur

i bilder:


Ender på vei

Mating av ender

Klatring i tre var populært...

Eg oppmuntre til klatring i tre ;)



Skum på elv

Marmor?

Flott mønster

"Se, eg kan ta i skomme"




1-2-3....hopp :)

Sjå, ei kjuka

Min mann, fotografen!

Me skimte vaflehytteflagget..

Med vafler i magen, på ny sti


Me fann ein liten klatrepark

..og døra til trollet...rumpetrollet, som det blei i vår familie ;)

Høgt oppe, og STOLT! Både ho og eg :)
Det er herlig å komma seg ut på søndagar!
Då er me klar for ei ny veka! :)

mandag 24. juni 2013

Å mestre

... gir ein god følelse.
Og igjår skulle de sett storesøster her i huset!
Me skulle berre ut å øva litt på å holda balansen på sykkelen(for veninna er såå flink å sykla),
og jammen klarte ho vel å sykla heilt sjølv. 
Ho starta sjølv, ho bremsa og etterkvart klarte ho å svinga òg.
Så heile dagen igjår ville ho berre ut å sykla,
og idag ville ho helst sykla i barnehagen, men det har me ikkje tid til.
Men dette er så stort, og ho var så stolt igjår, og det var eg òg!

Så nå må me ut å sykla i alle ledige stunder me har :)


I tillegg sa lillebror namnet sitt rett for første gong denne helga, og det var kult :)
Og han var òg så stolt :)

Ellers har me vore ute på diverse i helga, men utan fotoapparat, så då blir det med minna.

Laurdag var me med nokre venner å besøkte brannstasjonen, og me fekk kjøra brannbil. Eg og lillebror var å kjøpte nokre blomar til beda ute, så dei skal de få sjå når dei er komne i jorda.
Igjår hadde me oss ein tur til Kvalsvik, der me såg ei bittelita og ei stor krabbe, og me åt lunsj. 
På ettermiddagen var me på st.hans-feiring med nokre vener, 
men det blei ikkje så lenge, då regnet kom å store straumar.

Avslutta dagen igjår med å sjå Cloud Atlas, ein nesten tri timar loooong film...
ikkje min nye favoritt, for å sei det sånn....

Men nå må eg kjøra på jobb!

Ha ei fin ny arbeidsveka, eller ferieveka for dei som har det :)

søndag 29. januar 2012

Sjokoladeboller og sol i hagen

Endelig har me fått fint vêr her på vestlandet, så idag måtte me ut å nyta det. Me heiv oss rundt å baka sjokoladeboller.


Og dei er knallgode lunka, med flytande melkesjokolade inni.


Både store og små koste seg ute, sjølv om det var minusgrader. 


Pappaen i huset fann òg fram sin elektriske fjernstyrte bil, og det var stas for alle.

Herlige dag, og imorgon skal me bruke planleggingsdagen for barnehagen ute med bål og pinnebrød og marshmellows,og gode venner... og det er me byrja glede oss til :)

Ha ein fin søndag vidare :)