Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2015

Eit glimt av sommar

Idag har me endelig fått litt sommar her på vestlandet. Temperaturen har stege betraktelig, tærne får lufta seg, og snøkvit hud slikke i seg varme stråler frå sola.
Sjølv har eg hatt seinvakt på jobb, men nåreg kom heim fekk min nye sommarkjole lufta seg...deilig.
Nå burde eg vore på trening,men kan jo ikkje gå inn på treningsstudio i slikt fint ver.
Kanskje ein tur i kveldssola heller...

torsdag 14. august 2014

Still married...YES!

På tysdag hadde me bryllupsdag.
Tenka seg til at det er 8 år sidan me gifta oss.
Så eg fekk blomar av mannen, og han fekk kort av meg :)

[kort kjøpt på Kremmerhuset]


Fin, sommarleg bukett :)
Ikkje like forelska lenger, men elske han minst like mykje!!!

torsdag 24. juli 2014

Summertime and berries :)

Me har ein nydelig sommar i år. 
Trur det sjeldan har vore så fint som i år.
Me var forrige veka i dyreparken og på koselig barnas hotell rett ved dyreparken.
Svippa óg ein tur innom Kongeparken på veien heim.
Kjempe kjekk tur, og det funka med ungane på hotell :)

Og denne helga og veka har me nytt dagane heima. 
Eg har endelig rydda i rosebedet, så då måtte det fotograferast.






Mangle eit par rosebuskar før eg er fornøgd
Og sidan kamera var ute å lufta seg, tok eg bilete av årets frukter.

Solbær i fleng....syltetøy eller saft mon tru...

Store, fine stikkelsbær....fruktgraut kanskje...


Ripsa er hard ramma av barnehender, men kanskje der blir litt igjen til saft/fruktgraut/syltetøy


Plommer for første gong på 5 år! Glede meg t å smaka dei!

Ikkje så mykje epler i år, men litt er betre enn ikkje :)

Mitt sommarprosjekt...påfugl-genser(acne-liknanade)
Nå nyte me sommaren som best me kan, med plasking i basseng mange gonger kvar dag,
og ete is så ofte me kan ;)

tirsdag 22. juli 2014

Pavlova utan egg og melk

Som eg har skreve før har eg slektningar som ikkje tole egg eller melk.
Eg har lenge hatt lyst å lage pavlova, og når eg kom over denne oppskrifta på klikk.no,
så måtte eg berre prøva den.

Så eg lagde botnen som i oppskrifta, men kunne ikkje ha krem på toppen.
Så då prøvde eg å piska havrekrem /Vispi(selges på daglegvare). 
Blanda i litt ekstra vaniljesukker,
og strødde på masse ville bringebær, rips og blåbær.



Kaka blei veldig god, og neste gong lage eg ei stor, istaden for to små :)

søndag 18. mai 2014

17.mai er over...

17.mai er over, og snart 18.mai óg.
Igjår var me alle pynta og klare for byen og barnetog kl.09.00.
Eg gjekk i barnetoget med storesøster og 1A. 
Koselig tur, og kjekk klasse.

Etterpå var me til svigers på lunsj, før ein tur på skulen for å fiska godtepose, eta is og prøva lykkehjul.
Her traff storesøster klassekameratar og, men me var litt seine, så dei fleste hadde gått heim,
eller til byen for å sjå borgartoget.

På kvelden igjår fekk me plutselig besøk av eit vennepar med gin og spel i kofferten.
Sidan me ikkje hadde noko 17.mai-arragenement heima hadde eg ikkje så mange effektar, så dette lysfatet blei det nærmaste eg kom noregs fargar.


Så den kvelden blei lang, og natta litt for kort, så kvelden idag blir kortare.

Idag har me planta ute i krukker og bed( dette skal eg vise ein annan dag), 
og eg har faktisk vaska bunadskjortene( klapp på skuldra til meg).


Nå skal eg og min kjære mann sjå ein film før tidleg kveld!

Håpar de hadde ein fin 17.mai! :)

tirsdag 29. april 2014

Havregrautslappar med jordbær

Til frokost idag hadde eg og lillebror havregrynsgraut
(då me ikkje hadde brød i hus).
Og eg lagde alllt for mykje....
så ikveld blei det havregrautslappar.

Eg hadde grauten i ein bolle, 
tilsatte 2 egg, 
litt bakepulver, 
litt vaniljesukker og noko kveitemjøl(på gefylen)

Steika dei i smør og serverte med oppskjærte jordbær.




Alle her var enige om at dette var goood kvelds :)
Neste gong lage eg med vilje for mykje graut ;)

torsdag 17. april 2014

Påskepynt

Her er bileete frå påskepynta heim:

For ein herlig gjeng



Plukka inn frå hagen :)



Så her er litt av pynten, og eg ynskjer dykk med dette

God Påske!!

mandag 14. april 2014

Lillebror sitt familieselskap

Igjår hadde me familieselskap , tre dagar før sjølv dagen.

Lillebror er bilgal, og fekk sjølvsagt mange bilar, og ein garasje i presangar.

Det måtte nesten vera bilar på kaka og, så slik blei årets kake:




Det blei store auger på gutungen når kaka kom på bordet, og maskinene fekk ikkje stå så lenge på kaka :)
 

Dette var eit pære-drue-pinnsvin
Eg elske pinterest, og der fann eg inspirasjon til dette søte pinnsvinet 
(var søtare med alle piggar, og rosin-augene inntakt).

Så det var selskapa for lillebror så langt, men det blir nok eit til nå i påsken, 
når me imorgon reise til familien min :)

Ha ei fin veka! :)

Lillebror sin trippelbursdag...

Helga gjekk i ein fei, men her kjem bileta frå barneselskapet på laurdag.

Muffins med enkel pynt

Enklare bil kan du ikkje lage


Trippel treårsdag-kroner(som ikkje blei brukt) :)

Veninna mi laga Hiv o hoy-kake, til stor stas for gutane! Såå stilig!


Før storinnrykk :)

Derfor er ikkje eg interiør-bloggar...hefte meg ikkje om det ikkje matche i 3-årsdag

Alt i alt ein vellykka dag. 
Eg jobbe i barnehage, og å bruke denne til barneselskap er heilt genialt :)

Snart kjem innlegg med familieselskap-bileta :)

fredag 11. april 2014

Kveldens aktivitetar

Det skjer ting og tang ikveld...
Imorgon er det eit stort selskap...


Ha ein god kveld/ ei god natt! :)

onsdag 9. april 2014

Løvetann-bukett

Dei seie desse er ugras.
Men når mine to skjønne kjem med kvar sin litle bukett,
er dette den finaste bukett ein kan få!


Herligt med vår!

Nå blogge eg frå ipaden, og kanskje dette er noko eg kjem til å fortsetta med.
To dagar igjen på jobb,og så er det 11 dagar fri :)

Ha ei fortsatt fin veka! :)

torsdag 3. april 2014

Søte kaniner

Etter bursdagen min i mars snopa eg meg litt pynt.

Har du sett så søte kaniner...ser nesten levande ut syns eg :)




(kjøpt på Nille om nokon lurte)

Nå nærme det seg helg :) 
Må den bli god for alle :)