fredag 25. mai 2012

onsdag 23. mai 2012

Barndomsleiker

Heima hjå mor og far fann eg gamle leiker, og nå har eg foreviga dei, og storesøster har endelig fått barbie(eller Cindy som denne heiter).








Koselig å sjå :)

Ha ein fin lillelørdag :)

mandag 21. mai 2012

Sunn kvelds?

Her er kveldsmaten idag :) 
Litt mykje vaniljesaus, kanskje, men godt! :)


Ha ein fin mandagskveld!

søndag 20. mai 2012

17.mai-feiring

Eg tok med meg ungane heim til mor og far på 17.mai. Det tar 2,5 timar å kjøra, og eg hadde planar om å kjøra på 16.mai, men sidan lillebror hadde feber, og øyrebetennelse blei det utsatt. Eg burde nok berre vore heima, men hadde ikkje hjarta til å skuffa storesøster som gleda seg til å vera med søskenbarn.


På Nesflaten, der eg er frå, går heile grenda i tog saman. Der er ikkje korps, men kvart år tromle dei saman gamle korpsmedlemer, slik at toget blir leda av korpsmusikk.
Etterpå samles heile grenda på samfunnshuset og ete middag saman. I år fekk me svinasteik til middag og sitronfromasj til dessert. Etterpå er det tale for dei vaksne, og film for dei små.


Ikkje bra bilete, men måtte få med at storesøster har bunad på seg.

Sidan er det diverse leikar, gjettekonkurransar og natursti for både vaksne og ungar. Storesøster fiska seg snopapose, og så åt ho 3 isar på rappen, for på 17.mai er det lov å eta så mykje is ein vil.


Det blei ikkje tatt så mange bilete, for med to ungar, og den eine med feber, blei det litt travelt, men her har lillebror fått på seg tversoversløyfa.


I 16-tida er det slutt på dagens aktivitetar, og folk trekkjer heim til seg.
Men 19.30 samlast dei att, til musikk, underholdning, betasuppa og trekning av gevinstar.
17.mai på Nesflaten anbefalast å prøva, og det er det som er "skikkelig" 17.mai ;)
Håpe alle hadde ein fin 17.mai.

e.s. Den andre sommarkjolen blei igjår gitt i bursdagspresang til storesøster si besteveninne :)
Men eg syr gjerne fleire, om andre ynskjer òg :)

torsdag 17. mai 2012

Hipp hipp hurra!!

Einaste eg har laga spesielt til 17.mai i år, då dagen er blitt feira heima hjå mor og far :)



Tverrsover til lillebror...
blei ann brukt?


(strikka etter oppskrift frå garnstudio.com)

onsdag 16. mai 2012

Avsløring

Då vise eg berre kva eg har gjort...




Og du tenke: "Trenge storesøster to like kjolar?", og svaret er nei. 
Så kanskje nokon andre treng slik kjole :)

Ha ein fin 17.mai, og håpe jammen vêret blir finare enn lova... :)

mandag 14. mai 2012

Meir sying?

Kva er det eg held på med nå då..? Er ikkje kjolen ferdig likevel? eller...?




Slenge med eit bilete av vår sjønne "sinte" sjørøvar... ;)


Ha ei fin veka...nærme seg jammen 17.mai nå :)

fredag 11. mai 2012

Nå kan sommaren komma :)

Då er sommarkjolen ferdig.
Storesøster er i ein alder der ho meine mykje, så når eg annonserte at stoffa skulle bli til sommarkjole, fekk eg protestar i retur. 
Ho ville ikkje ha sommarkjole, ho ville ha sånn som ho kunne bruke inne òg..?! Så då måtte eg forklare at det òg går ann.
Forstå det den som kan, men når kjolen var ferdig blei den godtatt, og skulle helst vera på resten av kvelden.

Her er resultatet, utan storesøster i:


Merkelappen blei nede på innsida av kappen, for å ikkje skrape i nakken.

Men eit lite merke må ein jo ha for å vita kva som er bak.
Nå er det helg for alle mann! 
God helg til deg og dine!

torsdag 10. mai 2012

Sommarkjole under arbeid





I morgon kjem resultatet...for kjolen er ferdig :)
Ha ein fin kveld!

fredag 4. mai 2012

Nye stoff og prosjekt

Igjår fekk eg stoffa og mønstera mine frå Stoff og stil. 
Her er stoff og hint om kva det skal bli :)



Håpe eg får sydd litt i helga! 
 
Ha ei flott helg dåkken som kikke innom :)