torsdag 13. november 2014

Skal han, så skal ho og...

Når lillebror får noko, så må sjølvsagt storesøster og få,
og dermed blei det strikka rosa vottar.
Desse bruka eg Barnehagevotter-oppskrifta, 
men blanda litt saman med ei oppskrift eg fann i ei bok eg har.

Eg laga votten litt kortare oppover armen, og litt andre småjusteringar, 
tilpassa storesøsters hånd.

Ho fekk og namnet på armen, og så ei brodert rose på håndbaken.
(Eg strikkar like vottar, og berre snur kor eg broderar..)



Så får me sjå kva det neste prosjektet blir.
Kanskje nokre julegåver i år og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar