Det har mangla litt på kreativiteten min i det siste, og blogginnlegga ligg ikkje å vente i fleng. Men når Mrs.Hardy 5.januar la ut eit innlegg om at ho ville holda eit kurs om kreativitet på bloggen sin, tenke eg at dette må eg henge meg på. Eg ser nå at ho fekk 166 kommentarar på innlegget, så eg visst ikkje berre eg som vil følgja dette. Kurset byrja idag, og Mrs.Hardy legg ut nytt innlegg kvar dag, og med nokre utfordringar :) Kanskje er dette noko for deg òg? Ta ein kikk på den fine bloggen til Mrs.Hardy
I tillegg har eg nå endelig somla meg til å melde meg på bloggtreff for Haugalandet, og det blir spennande, og eg gruglede meg. Kjenne veldig få andre som skal, men det blir sikkert koselig.
Vil du òg vera med, så ta ein kikk på denne plakaten:)
Har høyrt/lest rykter om flotte goodiebagar, og mange koselige damer, så heng deg med du òg vel. Sjekk ut Marie Friis sin blogg :)
Ha ei fin veka!
Heia på du Venke:)
SvarSlettHurra for at du laga eit innlegg om kurset hos Mrs.Hardy, detta var eg ikkje klar over men gjere som deg å slenger meg på. Eg svært så fersk i detta blogge gamet så her trengs alle tips eg kan få!!! PS: Gler meg til å bli kjent med deg på laurdag sjå Marie.
Klem Ann Helen.
PS: GIVE AWAY sjå meg.