søndag 23. oktober 2011

Helge-aktiviteter

Så er denne veka òg straks over. Me har hatt ei rolig helg i dette flotte/ville vestlandsvêret. Laurdag var mannen ute på oppdrag, så då måtte eg og storesøster finne på noko, så då blei det bakt solskinnsboller. For å kompensera for vêret på utsida av huset. Kanel i svingane, med vaniljekrem, det er jo berre nødt til å bli godt :) 


Me hang opp haustens første meisebolle igjår, og i år prøvde me på terrassen. Dette hadde naboane gjort med suksess, og jammen blei det det her òg. Kjekt for storesøster å sjå fuglar på nært hold. Kjøttmeis, blåmeis og spurvar var idag på besøk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar