Då var det igjen blitt spøta ei kitty-huva her i huset. Oppskrifta hadde naboen funne hjå Smoochie. Og når nabojenta som er jamngamal med mi jenta, og hu hadde fått kitty-huva, så måtte jammen mi snuppa òg ha. Då eg ikkje hadde rosa babyull i hus, blei det lilla, men det var greit. Einaste eg viss har gjort feil, er at "Kitty har ikkje rosa nase, hu har gul.." men men..rosa er han her. Og eg syns forresten huva ligne meir på ein bamse/bjørn enn ein kitty, så kanskje eg må sy på verhår likevel.
Idag har vêret vore veldig skiftane, og til tider opna himmelens sluser seg i meste laget, og vatnet traff rosene slik at nokre blomar knakk. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko,så då fekk eg sjønne gule roser på stovebordet.
Ha ei fin veka vidare:)
Så fin den va, du e så flink.. D kommer sikleskjerf i posten etterhvert, men venter på "deler" for å få de ferdige..
SvarSlettTakk :) Spent på sikleskjerf :)
SvarSlett