søndag 27. november 2011

Adventspynt og baking

Då er me allerede komne til 1.søndag i advent, og me går inn i ei kjekk tid. I vekene framover skal me pynta i huset, baka ting som gir gode lukter i heile huset, vaska litt og opna kalenderar. Eg glede meg til det meste. 
Idag har me funne fram ein del pynt slik me brukar 1. søndag i advent, men eg savnar stjerna mi. Når eg gjekk på folkehøgskule for 10 år sidan, laga me ei adventstjerna i spon, og denne hadde eit nydeligt varmt lys. Men når den har vore nedpakka, blei den sakte, men sikkert øydelagt, og i fjor såg eg meg nøyt til å kvitte meg med ho :( Men me har ei ny adventstjerne, eller gamal kan ein nok seie. Frå 70-talet kanskje? Veit du?  Vel er det inn med retroting, men eg syns ikkje denne var så veldig lekker...eller kanskje den veks på meg. Kven veit..?


Me hadde egentleg laga oss tradisjon på å bake pepperkaker 1. søndag i advent, men sidan mi kjære svigerinne er for glad i pepperkaker, er dette utsatt nokre veker. Derfor måtte me berre bake noko anna, og då blei det kransekakestenger, av kjøpt kransekakemasse. Kvifor gjera det tungvint, når det kan gjerast enkelt? :) 
Eg har òg fått sviblar i hus, og det er eit must. Elske lukta av sviblar, så får det berre vera at svigermor ikkje tålar slike lukter ;) 

Ha ein fin slutt på november :)



1 kommentar:

  1. Kosligt når ein går inn i adventstiå. Her i huset sko det gjørrast i dag, men ble i utsatt te imårå pga ein travel dag. Og dei kransekakestengene såg gode ut. Kjenne luktå nesten heilt her :)

    Klem

    SvarSlett