onsdag 30. november 2011

Kalender til storesøster

Så nærme me oss 1. desember. Rettare sagt er me i skrivande stund under 4 timar frå desember. Og nå har eg endelig somla meg i gong med kalenderen til storesøster. Lillebror har vore sjuk nokre dagar, så eg har ikkje fått handla inn alt, men eg har dei første dagane, så då er me berga.
Ifjor fekk Live små pakkar kvar dag, med for eksempel 1 seigemann og 2 nonstop, eller 3 nonstop og 1 bamsemums. Så blir spennande kva hu syns om denne i år som er litt annleis.
Sjølv kalenderen fekk Storesøster når ho var lita av eit vennepar av oss. Kjempefine!


Ikveld har storesøster vore veldig opptatt av den store første pakken. "Eg klare å eta alt som e i den eg", sa ho fleire gonger. Berre det at i første pakken er refleksvest. Høyres kanskje ikkje så spennande ut, men eg trur ho blir glad for den.  Så er det små marsipanfigurar på fredag. 
Neste søndag skal me på pepperkakebaking til svigerinna mi, så då har eg pakka inn pepperkakeformene våre. 
Blir nok flest små snopepakkar i år òg, men litt aktivitetar og små ting i tillegg. Eg prøve å ha ein viss oversikt sjølv, i tilfelle eg må flytta ein ute-aktivitet for eksempel.


På Søstrene Grene fann eg ein sjønn engel, så det blir pakken 23. desember.


Ha ein fin siste november-kveld! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar