søndag 4. desember 2011

Adventstaker

Sist eg var heimeheima, hjå mor og far, fann eg to gamle lysestaker/adventstaker. 


Eg veit ikkje kva tid desse har vore i bruk sist, men det er sikkert mi farmor som har brukt og pynta dei for mange år sidan. Pynten er enkel, men lysestaken i seg sjølv var fin, og eg håpe eg finne ein fin måte å pynta denne på etterkvart. 


Kanskje med raude lys til jul,men usikker kva eg skal ha nede i spora langs lysa.
Eg kunne ha valgt å bruke denne som adventstake i år, men valgte i år òg kubbe-/kulelys. Me er ikkje så flink til å komma på å tenna desse lysa, så derfor har eg valgt kulelys til dei to siste søndagane i advent. Sølvtrådkulene er visst ikkje så inn lenger, men eg fann på nille, og er fornøgd med dei. Gir litt "bling" på granbaret. 


Har forresten òg fått meg ny voksduk på kjøkkenbordet, som eg er veldig fornøgd med.

Ha ei flott ny veka!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar