søndag 11. desember 2011

Julebakst og juleverkstedutfordring

Då er me alt komne til 3. søndag i advent. Idag har me bakt pepperkaker, tatt julekort-bilde av våre to sjønne, og eg har vore me svigerinna mi på ein koselig julekonsert med eit kor som heiter Sangria. Ei kollega var solist, og ho klarte seg bra. Mange fine songar og god stemning. 
Idag vil eg berre visa mine sjønne julekakeboksar og litt julebakst. Boksane kjøpte eg i fjor på Trendhuset i Haugesund. Fine, ikkje sant?


(Skjærereir, havreflarn og pepperkaker)

I tillegg syns eg det var stas igjår når eg såg at mine tova julehjerter er finalist på LidenSkapelse-bloggen til Mrs Hardy. Dette under juleverkstedutfordringen. Liker du hjerta mine, så stem gjerne på meg :) Begge desse bloggane er vel verdt eit besøk :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar