Fann eit enkelt mønster på strikka, tova hjerter på bloggen til Ulla-Bella.
Eg kjøpte trysil-garn, type Iglo, på europris, då dette skulle tova bra. Eg begynte å spøta, og dette var enkelt. Hjerta blei fine som spøta, og kunne nesten blitt brukt slik dei var, men eg ville prøva å tova i vaskemaskina.
Dette har eg aldri prøvd før, så vaska først på 40 grader finvask. Og så ein gong på vanlig 40 grader. Syns likevel hjerta burde vore litt meir tova, så då prøva eg 60 grader kullørvask. Og slik som bilde viser blei resultatet. Hjerta kan eg bruka i skål, eller henga på nokre kvistar.
Dei va jo kjempefine ;)
SvarSlettSko sett dei før jul, så hadde eg kanskje laga meg sånne eg o.
Siri
Ja, dei blei ganske fine, syns eg sjølv òg, og enkle å spøta, så då blei det nokre før jul :)
SvarSlett