fredag 10. desember 2010

Adventspynten min

Då har eg endeleg fått tatt bilde av adventstaken min, og så har eg fått ordna til ein liten adventskrans til ytterdøra.

Adventstaken blei tent første søndag i advent, men har ikkje vore heilt ferdig før idag. Eg hadde lyst å laga nummerskilt sjølv, og så fekk eg litt tynn depron-plate av mann min, og skar ut nokre hjerter. Desse spraya eg med snøspray, og rissa inn nummer i, men eg vil ikkje sei at eg er så fornøgd. Men dei får vare fram til jul nå, og så får eg lage nye neste haust, når eg skal kose meg heima :)  I år valgte me kubbelys i adventstaken, og det er koselig, for då kan me tenna den litt kvar dag. 
 
Eg mangle litt julestemning endå, sjølv om snøen er kommen, men det hjelper litt med lys på bordet :) Berre 2 søndagar att før jul...hjelp som tida flyr!



Kransen eg har på døra laga eg i haust. Den er hovedsakleg laga av bjørkekvister, som eg tvinna til ein krans, etter oppskrift frå Moseplassen.no. Då tredde eg nyper på sølvtråd og tvinna rundt, men nå har eg fjerna nypene, og surra litt lilla/sølvbånd rundt, og festa på nokre konglar. Syns den blei heilt grei, sjølv om kanskje litt kjedelig i fargane. Til jul vil eg ha granbar på, og raudt/gullbånd på. Kanskje eg òg legge ut bilder av den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar