mandag 20. desember 2010

Tova julehjerter



Fann eit enkelt mønster på strikka, tova hjerter på bloggen til Ulla-Bella.

Eg kjøpte trysil-garn, type Iglo, på europris, då dette skulle tova bra. Eg begynte å spøta, og dette var enkelt. Hjerta blei fine som spøta, og kunne nesten blitt brukt slik dei var, men eg ville prøva å tova i vaskemaskina.

Dette har eg aldri prøvd før, så vaska først på 40 grader finvask. Og så ein gong på vanlig 40 grader. Syns likevel hjerta burde vore litt meir tova, så då prøva eg 60 grader kullørvask. Og slik som bilde viser blei resultatet. Hjerta kan eg bruka i skål, eller henga på nokre kvistar.



I haust henta eg heim nokre kvistar som ser ut som store hundekjeks, men eg veit ikkje kva dei heiter. Resultatet blei kanskje litt rotete, men litt snålt òg syns eg :) Skaper nå litt julestemning :)



2 kommentarer:

  1. Dei va jo kjempefine ;)
    Sko sett dei før jul, så hadde eg kanskje laga meg sånne eg o.

    Siri

    SvarSlett
  2. Ja, dei blei ganske fine, syns eg sjølv òg, og enkle å spøta, så då blei det nokre før jul :)

    SvarSlett