søndag 30. oktober 2011

Stripete barnehagekjole

For fleire veker sidan viste eg eit glimt av spøta-striper, og nå er endelig plagget heilt ferdig. Det blei ein kjole til storesøster. 

Nederste kanten er spøta med vranga ut, noko som gav ein fin effekt. Elles er kjolen spøta rett og slett, og det var ein enkel kjole å spøta. Fargene blei kanskje litt vel "knæsje", men det gjere ikkje noko på små,sjønne jenter, og jenta var sjølv med og bestemte, så då er det greit. Eg tenkte det skulle vera ein barnehagekjole, og då er det festlig med litt fargar.
Eg og storesøster var å skulle velga knappar ilag, og jammen valgte ho Hello kitty-knappar. Det var ikkje så sjokkerande for meg, og kanskje ikkje for andre jente-mødre heller? Desse knappane var alt for store for knapphulla, så då sydde me dei berre fast, og det var kanskje like greit. Ho har tatt kjolen av og på mange gonger idag, for den er så "ullvarm".

(For ein gongs skyld ei blid modell)

Det blei ein del garn att, så i første omgong blei det spøta ei selebukse til Vaniljesauso. Ho fekk perleknappar, men dei var litt vanskelige å knappa, så må nok ha ny knappar snart.

1 kommentar: