tirsdag 25. oktober 2011

Hagemakeover-søknad

For nokre veker sidan bladde eg gjennom eit Se og hør-blad, og her fann eg ei annonse om hagemakeover til ein verdi av 25.000 kr. Det er Se og hør & Plantasjen som skal gjennomføre makeoveren. 
Hagen min er kjedelig og lite inspirerande. Me skal i haust eller til våren få ein støyskjerm på eine sida av hagen, mot hovedvegen, så då blir hagen om mogleg endå kjedeligare. Eg har frukttrer som ikkje gir frukt, og åker der det ikkje veks grønsaker. Dette er mogleg min eigen feil, men inspirerande er det ikkje. 
Så eg var ut i hagen og knipsa nokre bilete, skreiv 5 linjer om hagen vår og kvifor me treng makeover, og sendte søknaden. Lure på om hagen vår kan ende oppi Se og hør?... hadde vore løye :)
Så nå krysse eg fingrane for at våren 2012 blir heilt fantastisk i hagen vår :)

Her er bileta Plantasjen fekk og skal vurdera oss ut frå:
 Til venstre i bilete over kjem støyskjerm. Bak buskane.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar