lørdag 5. november 2011

Flott haust på vestlandet

Så denne veka har me endelig fått litt nydelig haustvêr her på vestlandet. Vind har me sjølvsagt hatt, men sol frå skyfri himmel er ikkje kvardagskost. 
Så på ein så flott dag tok eg med meg kamera og gjekk å henta storesøster i barnehagen. 
Det er ikkje så ofte det skjer sidan det tar omtrent 30 min på å gå bort til barnehagen. Storesøster klare fint å gå heim sjølv, men eg tok likevel med søskenbrettet som eg har lånt av bror min. 
Det er stor stas å få stå på det etter vogna. 
I oppoverbakkane gjekk storesøster sjølv, og i nedoverbakkane fekk ho stå på brettet. 
Og alle var blide og fornøgde, og det var ein fin måte å bruka litt tid saman på ein flott ettermiddag.
Eg prøvde å få dokumentert litt av hausten og humøret :)






1 kommentar: