lørdag 8. oktober 2011

Cake-pops

Forrige helg prøvde eg meg på noko nytt som er diverse oppskrifter på overalt. Denne oppskrifta fann eg i eit hefte frå Hjemmet.

1 kakebotn(heimelaga eller kjøpt)

1 dl espressokaffi

50 g mokkabønner/mørk sjokolade

100 g mørk sjokolade

Kakebotn (kjøpte ein ferdiglaga eg), som knuses i ein miksar. Varm espressokaffien og smelt mokkabønner/mørk sjokolade oppi. Bland kaffiblandinga i kakebotnen. Trill kuler av deigen. Settes 30 min i fryseboksen (Kan ta dei ut etter 15 min for å trille "finare" kuler, men eg syns ikkje det var så viktig). Smelt 100 g mørk sjokolade til å dyppe kulene i. Rull i det strøet du vil. Fint og festlig med kakestrø, men eg syns kokos smakte best.

Dei var faktisk knallgode, og blir heilt sikkert lagd igjen. Svigermor foreslo å lage dei i barneselskap, og det trur eg jammen eg skal laga. Ho som blir 4 år snart ønske seg marsipankake, men kanskje det går ann å pakke kulene inn i marsipan. Det må jaffal prøvast :)



God helg vidare :)

3 kommentarer:

  1. Har så lyst til å prøve å lage cake pops :) Det ser så godt ut!

    SvarSlett
  2. Ikkje e d vanskelig heller, så det må du prøva :)

    SvarSlett