søndag 16. oktober 2011

Ny blogg og halv kake

Då har eg flytta bloggen min her, til blogspot. Eg er ikkje 100 % fornøgd med utsjånaden endå, men det kjem vel etterkvart når eg får sett kva alternativa er. Foreløpig er det haust-tema hjå meg. 
Eg trivdes med wordpress, men det var så vanskelig å bli medlem i andre bloggar, og liknande, så dermed blei det blogspot på meg òg. Håpe eg lære meg dette og blir vane her òg etterkvart.
Idag er lillebror eit halvt år, og i den anledning ville me ha halv kake. Fekk besøk av farmor og farfar og dei likte kaka. Denne kaka har eg aldri laga før, og det var ei banankake. 

Sidan me skulle ha halv kake ville eg dele den og legge den eine delen over den andre, og valgte derfor stor form, 26 cm. Likevel blei kaka høg, og dobbel blei den veldig høg! Men den blei god, med masse sjokoladeglasur på :)

Ha ein fin søndagskveld, og imorgon er ei ny veke med nye moglegheiter :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar