fredag 30. september 2011

Dørskilt og tavlemaling

Etter å ha sett Mrs.Hardy sitt bidrag til Norges vakreste hjem 2011, der eg fekk eit glimt av dørskiltet hennar i det ho ynskjer velkommen inn, har eg tenkt at slikt vil eg òg laga. Så ein kveld fann eg ein plankebit og maling, og malte den i Caffe latte-farge. Bokstav-stempel har eg, så eg bruka desse til bokstavane våre. Eg tenkte så at eg ville skrive bokstavane i kvitt. Eg prøvde, men det viste nesten ikkje, så då blei bokstavane svarte.  Har òg hekta navna våre saman, og eg vil sjølv seia at resultatet blei bra. Nå mangle berre lakk og å få det opp på ytterveggen. Syns du det mangle "Her bur:" øverst??


Laurdag 17.september la Mrs Hardy ut sitt dørskilt som "lørdagsgodt" på sin blogg, så min inspirasjonskilde kan du sjå her.

Eg kjøpte meg tavlemaling for nokre veker sidan, og den har eg òg testa på nokre plankar i kjellaren. Ikkje så fænsi, men dei funke som tavler og skal nå stå framme. Er frista til å male ei dør eller skapdør med tavlemaling, men det er litt "skummelt" :) Kanskje det skjer, viss eg får samla meg opp mot. Storesøster hadde nok likt å kunne teikna på skapdøra si.

Her er den eine planken,som pleier å stå på kjøkkenbenken:



Ha ei flott helg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar