tirsdag 7. juni 2011

Frøken Rhonda


Nå har me hatt nokre veker med regn og ikkje så fint vêr her på vestladet. Men denne helga fekk me sol og varme, og dermed fann Frøken Rhonda ut at ho kunne opne sine søte knoppar ut i flotte blomar. Eg har ikkje mange lilla blomar i hagen, så denne er kjærkommen. Eg er ikkje den som kan mest om blomar, eller rhododendron, men ein ting har eg fått med meg, og det er at etter blomane har blømt ferdig, skal blomastandane knekkast av. Dette for å betre veksten, trur eg. Har òg forstått at den likar kull frå omnen som gjødsel. Jaja, så lite veit eg, men fin er den i allefall.

Eg har sett rhododendron bløma andre stader i vel ein månad, men mi frøken har latt vente på seg. Nå forstår eg at dette er slik at eg kunne delta i Frøken lilla-konkurransen som Anne på bloggen Moseplassen held.

Syns du Frøken Rhonda er skjønn?

Ha ei fin veka vidare :)

2 kommentarer:

  1. Nydelig er hun, nyvaskede blomster har jo sin egen sjarme. Diamantbesatt :)

    Så hyggelig at du er med på konkurranse!

    SvarSlett
  2. Kjekt å få kommentar av deg, Anne!

    SvarSlett