torsdag 2. juni 2011

Spøta pute

Alt slags ein kjem på at ein vil laga. Når eg byrja i permisjon, fekk eg for meg at eg ville ha lilla pynt i stova(sjølv om det ikkje er advent). Og så fekk eg lyst å ha ei lilla puta, og fann ut at denne skulle eg spøta sjølv.

Eg brukte tjukt garn og pinne nr. 3,5.  Spøta sidene kvar for seg. På baksida byrja med riller nederst, og så gjekk det over i perlestrikk, før eg avslutta med riller øverst. Eg hadde ei pute eg skulle ha inni, så brukte denne som mal på kor stort eg sko spøta. På framsida byrja eg likt som bak med riller, men gjekk så over til perlestrikk, med ei stripe med riller på midten. Altså ikkje noko avansert.

Tilslutt sydde eg sidene saman, og avslutta med ein knapp. Dette for at når eg ein gong skal vaska puta, kan eg klippa av knappen og rekka opp slik at eg får ut puta. Sånn blei min patent :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar