mandag 13. juni 2011

Lefsebaking


Denne pinsehelga har me vore heim til mor og far, og på lordag fekk eg med meg mor til å laga lefsa. Dette er noko me må ha i barnedåpen i juli, og sidan eg ikkje har laga lefse så mange gonger, er det godt å få hjelp av mor. Sist eg var med, steikte eg lefsa, så denne gongen fekk eg prøva meg på kjevling. Lefsa skal kjevlast papirtynn, før den leggest på steiketakka. Her "tørkes" den, før ann blir lagt på benken. Her smøre ein oppsida med egg, og så legg ein lefsa på takka att. Og steike så begge sider.

Når dei skal brukast, må lefsene bløytast, før ein smører dei med smør, og har på sukker. Brettes så og klippes til passelige bitar. Så er det berre å koooosa seg :)

I Suldal et ein òg "Suldalsbeten", og då legg ein eit vaffelhjerta inn i lefsa, nam nam :)







Ha ei fin veka, godt folk :)

2 kommentarer:

  1. Takk for koselig kommentar om dukkestua.

    Lefsebaking er gøy. Det pleier jeg og mamma og bake til jul. En koselig tradisjon :-)

    SvarSlett
  2. Ja, det er ein tradisjon eg ikkje har lyst at skal forsvinne :) Så då må ein vera med å læra :)

    SvarSlett