mandag 16. mai 2011

Heimesydd huva




I gjår-ettermiddag sovna endelig gutungen nokre timar på sofaen, og jentungen var å leika hjå naboen, og endelig fekk eg gnist til å gjera noko. Når ein endelig har litt aleine-tid kjenne ein kor mykje tid ein hadde før, som ikkje blei brukt. Men me elske jo alle våre søte små, og ville ikkje ha bytta dei mot noko som helst.

Likevel satte eg pris på denne timen i gjår ettermiddag, og då fekk eg lyst til å sy ei huva til Storesøster. Eg sydde kjole til ho i dette stoffet ifjor, og nå blei det huva. Denne var veldig kjapp å laga, og eg trur eg bruka max ein time frå eg byrja å laga mønster og til huva var ferdig :)


Mønster er eg sikker på eg har sett i ein av bloggane eg sjekke vekentlig, men fann det ikkje i gjår. Men eg fann eit likt her, og dette var lett å forstå :)



Storesøster syns det var stas med ny huva, men ikkje så kjekt å bli tatt bilde av.. :)


3 kommentarer:

  1. Fine hua,men det passte ikkje frøkenen å bli tatt bilde av nei.:)

    Måtte le godt når eg så bilde.

    SvarSlett
  2. He, he :-) Fine hua, men modellen såg litt molefonken ut ja! Kjekke blogg du har forresten :-)

    SvarSlett
  3. Takk, Vibeke :) Ja, modellen er ikkje alltid i fotomodus ;)

    SvarSlett