mandag 2. mai 2011
Våren på Kvalatre
Eg har fått dårlig tid til å blogge desse siste vekene, men nå søv goguten vår, så eg må bruka denne sjangsen. Så her kjem litt om våren på Kvalatre.
Våren er for alvor kommen til vestlandet, sjølv om det idag er ein kaldare dag, utan skyfri himmel. Påsken og nå veka etter påske har virkelig fått fart på våren, med blomar som slår ut sine flotte fargar, og frukttre som snart skyt lauvverk. Eg glede meg, for snart kjem epletrea til å bløme, og i år håpe me på mykje god frukt. Kanskje me òg får smaka plommer for første gong i år :)
Eg har òg fått gnisten den siste veka, og har utnytta dei timane Sindre søve i vogna si, til å få litt orden i hagen. Eg har luka det meste av hovud-bedet mitt(her nå tulipanene dominere, med innslag av søte lilla primula(?)), og eg har nå rydda åkeren min og fått pakka den inn.
I år sette eg bambuspinnar i kvart hjørne, og så festa bærnett over, så i år kjem ikkje kattar inn. Me såg faktisk på lørdag at katten hadde oppdaga det flotte kattedoet, men den kom seg ikkje inn, så Hurra..åker utan kattedrit!
Tilslutt må eg ha med eit bilde av soveguten vår :) Sånn ligg han store deler av dagen, men om kveldane har han litt luft-smerter..nokon som har gode råd for å hjelpa han?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar