fredag 4. juni 2010

Fargerik body og kjole



I mai bestilte eg meg stoff og mønster frå stoff og stil, og forrige veka blei eg ivrige etter å få ferdig bodyar til ei niesa og ein nevø. Eg har berre fått sydd den til niesa mi, men eg må sei eg e ganske førnøgd.

Mønstera frå Stoff og stil er stortsett enkle å forstå. Einaste som er litt dumt er at du må bestilla i ein størrelse, så skal ein laga større og mindre må ein bestilla ny, eller laga på gefylen :) Desse bodyane skal sys i stretch-stoff, og eg kjøpte eit stoff som heiter Trykt bomulls stretchjersey. Veldig mjukt og godt stoff, og greit å sy i. Meneg kjenne litt på at eg sko ha hatt meg ei overlock-maskin, så hadde eg sluppe å sydd rundt alle kantar.

Eg har òg sydd ein kjole til dotter mi, men den kan ho kanskje ikkje bruke på eit par år..for blei litt stor. Godt eg har meir stoff, så kan eg sy ein mindre kjole, eller tunika.



2 kommentarer:

  1. Så fin den va da, du e flink Venke Synnøve... Lager masse fint du, både m symaskin, heklenål og strikkepinner... Hugser du bjønt m hekling :)
    Eg blei uvenn m den eine symaskina mi eg da, men tenkte eg fekk prøve å bli venner m den igjen.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Har fått litt ånden øve meg nå i det sista, men dabbe gjerne av nå når det er sommar. Me får sjå. Kjekt å vera venn me symaskina, men mi e gamal, så eg må kanskje ha meg ei ny snart.. :)

    SvarSlett