mandag 7. juni 2010

Nytt åkergjerde



Så hadde me endelig fått kjøpt gjerde til å ha rundt åkeren. Grillspyd i heile åkeren funka ikkje skikkelig, då katten fann nokre ledige holer å bruke som do.
Ei stund nå har eg hatt nett over åkeren, men nå er erteplantene begynt å henga seg på det, så nå er det blitt ertegjerde. Eg er ikkje heilt sikker på om dette nye gjerde vil halda katten vekke så lenge at gulrøttene får roa seg, men eg e litt meir optimistisk. I tillegg ser de her at jordbærplantene bløme, og det er kjekt. Håpe på mange søte jordbær frå eigen åker i sommar.  Ellers hagemessig, har eg lyst å forandra i eit blomabed eg har. Dette veit eg ikkje heilt korleis eg skal endra, men eg glede meg til det blir forandra :)  Eg kjem med ein ny blogg om dette ein annan gong :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar