tirsdag 6. juli 2010

Spøta bolero



I vår/sommar har eg spøta på ein bolero til meg sjølv. Det er ikkje så ofte eg laga eller kjøpe noko til meg sjølv, men sånn blei det i år:) Hurra, og gjett om eg er blitt fornøgd! Sjå meir om korleis dette har gått for seg i heile bloggen!



I vår bestilte eg mønster og garn frå Drops design, men eg forstod ikkje skikkelig det mønsteret. Dermed gjekk eg på drops design sine nettsider og fann meg eit anna gratis mønster.

Mønsteret eg fann meg heiter "DROPS bolero i "Paris" med hullstrikkede puffermer." Som de ser på bileta så valgte eg ein lilla farge, sjølv om mønsteret var spøta i kvit. Eg

er småbarnsmor, og i tillegg litt for sølete t att eg tør å bruka så masse kvitt :)

"Paris" garnet er er eit bomullsgarn, og eg syns det var godt å spøta med. Fargenr. eg har brukt er: 08.


I dette mønsteret begynne ein med ryggen , så sidene framme, så ermene, og til slutt den 6 cm vrangborden rundt heile kanten. Ermane var spennande å spøta, og blei skikkelig fine. Spøtes fram og tilbake, og sys saman etterpå.

I høgre side laga eg to knapphull, slik det står i oppskrifta. Dette er eg nå litt usikker på om eg syns var kjekt, så har ikkje sydd i knappar endå.. men desse hulla gjere lite av seg, så kanskje eg berre har det slik det er. Eller så kan eg sy att knappehulla.


Igjår fekk eg spøta ferdig kanten rundt, og sydd i ermene, og det var kjekt, og eg må sei meg godt fornøgd. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar