mandag 24. mai 2010

Hage og åker, kattar og sneglar



I fjor laga eg meg kjøkkenhage i vår store hage. Eg laga meg to kassar på ca 1 x 2 meter, og ifjor fekk eg sukkererter og jordskokk til å voksa der. I april renska eg opp i åkeren, og fjerna alle rester frå i fjor. Når eg i starten av mai skulle så ut frøa mine, fann eg masse katteskit i åkeren min. Sjølvsagt var dette blitt ein stor og flott kattado. Koss blir det med frøa mine nå, tenkte eg, og fann ut det nok var best å legge fiberduk over frøa.
Dette har funka ganske greit, bortsett frå eit par gonger katten har sparka opp duken for å gjera sitt. I det siste har faktisk åkeren min fått ligga i fred, og frøa er begynt å spira.Men nå i mai var eg å kjøpte 2 nye planter, sjokoladeblom, eller noko i den dur, og rundt desse blei det open jord. Så nå når åker-kattedoen er stengt, har katten funne ut at han kan bruke denne plassen, og her har han nesten knerta ei plante òg.



Idag sjekka eg litt på nett, og her fann eg ut at pinnar langs kanten kan vera lurt, og sidan eg syns det er på tide å fjerna fiberduken, har eg nå vore å sett masse grillspyd i åkeren. Sjå bilde for korleis det blei. Eg håpar at dette kan halda katten vekke, og la plantene få veksa.

I tillegg er eg redd for at desse iberia-sneglane skal øydelegga avlinga mi, og ikveld tok eg meg ein rundt i hagen med kjøkkensaksa. Eg vett ikkje kva som er mest "humant" når det gjeld dreping av sneglar, men nå er halsklipping blitt mi greia. Eg kjenner det ingen plass, og dei får ein kjapp død. Dette er nok noko som vil bli gjentatt mange gonger i sommar.

Så sånn er ståa for hagen og åkeren min nå. Håpe å visa ein bugnande hage seinare i sommar. Eg har sådd sukkererter, gulrøtter, maineper, løk og salat. I tillegg har eg sådd nokre ringblomar i åkeren, sidan desse skal trekke til seg dyr som held skadedyr vekke. Får berre sjå om det virkar òg.

Forresten er eit plommetre begynt og bløma, og snart blømer jordbæra og epletrea mine, og i år håpar eg på større avling enn i fjor( då fekk me eit eple, som datt ned for tidleg, og var veldig surt).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar