onsdag 7. april 2010

Jordskokk og -suppe

I fjor vår fekk eg jordskokk som spirte av far min, og eg sådde dei i hagen min. Dei veks til nokre ekstremt høge planter( mellom 1 og 2 meter), og så kan dei bløma gult. Det gjorde ikkje mine, men eg vett ikkje om det har noko å sei for smak på jordskokken. Eg las at ein bør venta til den høge planta har visna før ein hauste jordskokken, og at dei òg toler overvintring. Det fekk mine jordskokkar prøva, 3 mnd under snø, og så "hausta" eg dei 2. påskedag( 5.april 2010). Jordskokk er av plante litt som potet, der det ein skal eta ligg under jorda, og mange blir det per plante.



Eg veit ikkje heilt kva jordskokk kan brukast til. I haust hadde eg med litt jordskokk i barnehagen eg jobba, og me hadde det i lapskaus/betasuppa, og det smaka godt. Idag prøvde me oss på ei jordskokksuppa. Oppskrifta eg brukte idag fann eg i Foreldre og barn, og det var ei lett oppskrift.

Først skrellar ein jordskokkane(500 gram), og deler dei i skjever. Så skjære ein opp ein løk/2 sjalottløk og freser den i 2 ss smør. Har så oppi jordskokkskjevene, og surrar litt til. Har så oppi 5 dl kyllingkraft og 2 dl fløyte(eg hadde i mjelk, då eg ikkje hadde fløyte). La suppa koke i ca 30 min, eller til jordskokken er mjuk. Smak så til med salt og peppar, evt. litt sitronsaft. Bruk stavmiksar på suppa og lag den til ei jevn masse. Vår suppe kunne me nok spedd meir, for etter me hadde most ann med stavmiksar blei suppa nesten som pure. Men for oss var dette greit, då pure heng betre i skjeia til ein 2-åring :) Suppa smaka gdt, men neste gong freser me nok med litt sopp òg, og drysser kanskje litt persille e.l. over.

Lykke til viss du vil prøva. Trur smaken er barnevennleg, sjølv om vår dotter ikkje smaka så masse idag. Håpar hu smakar meir neste gong, når smaken er litt meir kjent. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar