tirsdag 10. desember 2013

Mat til dei søte små

og då meine eg dei ute i hagen.
4.desember laga eg fuglemat sjølv, og det har eg aldri gjort før.

Eg smelta ca 200 g flott matfett, og så blanda eg oppi
solsikkefrø, linfrø, havregryn og litt nøtteblanding utan salt.
Så fylte eg det i kakeformer.





Det eg ikkje fekk i former, hadde eg i ein juskartong.
Så satte eg desse kaldt i kjellaren.

Igjår tok eg dei opp att, og ville gi dei til dei søte små...

Eg hadde nok hatt for mykje frø oppi, for fleire av formene knuste når eg prøvde ta dei utav.
Men eg fekk hengt ut ein ring, og kartongen.

Eg prøvde å ta bilete gjennom stoveglaset igjår, så her eg dei:

Rødstrupe på rekkverket

Her og.

Skjæra var eg bort og smakte

Det lava ned snø medan svarttrosten og kjøttmeisar ville smake den nye maten.
Maten blei visst godkjent, sjølv om eg nok må tømme det meste i kartongen :)

1 kommentar:

  1. Åh så koselig å lage mat til småfuglene :)

    Mitt svar på din kommentar i innlegget mitt ”VENNER?!” (jeg vet, jeg ligger sånn ca 14 dager etter på kommenteringen, men bedre sent enn aldri eller hva?! *fnis*): Takk for at du deler, du er ganske tøff du også! Noen venner har man for alltid, noen kun på lånt tid, dessverre.

    klemklem

    SvarSlett