lørdag 7. april 2012

Minimuffinsar og retro-bingo

Når det er påske og alle er heima heile dagen er det greit å ha ein plan for dagen.
Igjår skulle me ut på tur med svigers, og turen gjekk til Håvåsen. Me gjekk frå Nodland, og hadde ein fin tur, sjølv om det var litt kald vind.
Vår familie er ein kake-familie, så noko måtte me bake å ha med på turen, og idag blei det mini-appelsinmuffins. Eg kjøpte minimuffinsformer på Søstrene grene når eg var på husmorferie.


Blei ikkje glasur på dei denne gongen, sidan me skulle ha dei med på tur, men hadde sikkert vore godt me appelsinmelis på :)

Og mens me venta på at muffinsane skulle bli steikt, og tida næra seg avgangstid, spelte me litt Retro-bingo. Dette fann eg via Foreldremanualen.no, og ho linka til denne bloggen, Gi det vidare. Her er linkane til Retro-bingo og Memory. Me likte desse, og har spelt begge deler fleire gonger.




Herligt med fortsatt nesten 3 dagar ilag :)
God påske vidare! :)

2 kommentarer:

  1. Så fin blogg dette var! :) Første gang innom! Sittet og lest og kost meg :) Håper muffinsene ble gode og at du og dine har en skjønn påske! :) klem fra meg som gjerne kommer innom hit igjen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, og velkommen tilbake ved ein seinare anledning :) Muffinsane blei gode ja :)

      Slett