torsdag 17. november 2011

Svart november..?

"Det e svart november..", synge Vamp i sin mest kjente song. Og sjølv om den mørke delen av døgnet brer seg ut over både morgonen og ettermiddagen, er lyset som kjem nesten vakrare enn om sommaren. I allefall på slike dagar me har hatt desse siste vekene. 
Igjår vakna me til frost, og rim på bil og gras. Då er det herligt å vera heima i permisjon, fyra i omnen og sitta inne i varmen og sjå på fuglane som kosar seg med meisebollene.
Og så måtte eg ein liten tur ut på terrasen og ned i hagen for å få bilete av rimet i graset.
Og jammen har eg endå nokre tusenfrydar i plenen som står like fine med rim på :)
I tillegg blei storesøster 4 år igjår, og inne på stovegolvet står presangen frå foreldra. Det var visst midt i blinken for jenta, sjølv om den kanskje er litt feil for sesongen. Idag må den kanskje prøvast ute :)
Her er mine bilete frå ein lys november:





Og eit glimt av cake popane til selskapet:


Ha ei flott veka vidare!

1 kommentar:

  1. Hei høpp!!

    Gøy du vil være med på min gi vekk,masse lykke til!!Og hjertelig velkommen som følger håper du vil trives:)

    Herlige bilder du har tatt,og flotte kaker:)

    Nyt ny uke:)

    Klem linda:)

    SvarSlett