tirsdag 13. september 2011

Sauesamling 2011

Så er me trygt heima frå sauesamling, som i år òg gjekk overraskande bra.



Sauesamling er ein tradisjon eg prøver å få med meg kvart år. Stølen me bruker, Svinstøl, var flittig brukt når me var yngre og budde nærmare, men med åra har det blitt sjeldnare og sjeldnare, så då syns eg det er kjekt å få med seg sauesamlinga. Hytta ligg nokre kilometerar til fjells, og det tar nokre timar å  komma seg dertil.

Men sidan eg skulle,er Lillebror sjølvskreven som deltakar, og fekk prøva nokre timar i maitaien mi(asiatisk bæresele). Storesøster derimot var ikkje sjølvskreven, sidan det tar nokre timar å komma seg til hytta, og ho svara "Eg vil ikkje gå langt..". Men samtidig ville ho vera med mammaen sin. Så dermed var det eg og ungane som skulle til fjells. Det var meldt dårlig vêr, med ganske mykje nedbør, men pga spesielle omstendigheter hadde eg veldig lyst å få det til. Søndag skulle nemlig farmor mi, som i november er 90 år(!!!), bli flydd i helikopter til hytta, der ho ikkje har vore på 20 år. Så dette var noko eg hadde lyst å vera ein del av.

Fredag-morgon var me påkledde og klare for turen til hytta, som tok 3 timar, med  storesøster på nesten 4 år som gjekk heile veien sjølv, medan ho klaga på at ho ikkje ville gå langt..herlige motsetningar ;) Og vel framme var det masse energi att til å leika med søskenbarna. Bekken som renn utan for hytta er alltid populær.

Laurdag knytta eg Lillebror fast på magen, lot Storesøster vera att med søskenbarna og besteforeldra, og vandra ut i fjellheimen, på "jakt" etter sauer. Etter å ha vandra i 7,5 timar var me tilbake i hytta, hadde fått jaga heim 4 sauer med lam innom gjerdes og gje mange steg. Lillebror er nok ein av få som er blitt amma så høgt til fjells der, men han klaga ikkje. Likevel var 7,5 timar i meste laget, og han var så glad når han fekk ligga på golvet når me kom tilbake på hytta.

Fekk tatt bilde av nokre søte skattar som står i skapa på hytta:





Søndag kom farmor på nesten 90 år fykande med helikopter, saman med ein svoger og ei tante. Og med seg i helikopteret hadde dei smørgraut med spekemat, marsipankake, vafler og andre godsaker. Det var ikkje så lenge dei stoppa, men for eit selskap! :) Og farmor var overvelda av heile greiene, forståelig nok.



Sidan vaska me opp, og pakka oss heim att, i regn og surt vêr, men me var alle enige om at det hadde vore ei kjekk helg :)


3 kommentarer:

  1. Det hørtes jo veldig koselig ut da, men du vett oss byguttar.. :0)

    SvarSlett
  2. Hei!
    Takk for koselig hilsen inne hos meg :)

    Bor du i nærheten av Haugesund?

    Ha en fin dag!
    Klemmer fra Silej

    SvarSlett
  3. Eg bur i Haugesund, men e ikkje her frå :)

    SvarSlett