onsdag 7. september 2011

Tusenfryd og rognebær

Nå blei det litt for lenge sidan sist eg skreiv. Tenk å kunne blogga kvar dag og fått faste følgerar...det hadde vore stas. Men men, eg kose meg med det litle eg blogge, og eg storkose meg med å lesa andre sine bloggar, og henta inspirasjon frå dei :)

Idag er det regn og ufyselig vêr her i Haugesund, men eg har nokre fine bilder frå forrige veka, som kanskje kan lysa litt opp. Eg syns det var koselig å få litt natur inn i stova, så eg får snart ut å henta noko nytt.

Tusenfrydane veks vilt i hagen, og er faktisk ganske søte, så at dei trivest i plenen min gjere ingenting. Storesøster var med meg å henta inn desse, og då må dei rett i vase. (Likar òg blomavasen dei står ved sida av...kjøpt på Trendhuset).


Rognebæra fann eg når eg gjekk meg ein tur i solskinn. Dei er det mange av der ut, så når desse er tørka inn, er det ikkje vanskelig å finna nye. Kanskje saman med konglar eller liknande neste gong.


Til helga håpe eg at eg kjem meg på den årlige sauesamlinga med familien, så då blir det muligens bilete derfrå neste gong eg blogge.

Ha ei fortsatt fin veka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar