mandag 22. august 2011

Lubbar

I sommar har eg vore utan håndarbeid, men så fekk eg for meg at Lillebror trenge lubbar når det blir kaldare ute. Og eg spøta slike snurre-lubbar til Storesøster når ho var mindre, men desse passe ikkje til nokon av ungane nå. Så dermed blei det nye blåe lubbar til Lillebror, og då ville Storesøster òg ha. Ho fekk velga farge sjølv, og det blei lilla, som er den nye favorittfargen. Desse er fortsatt under produksjon.



Desse lubbane er kjempe enkle å spøta, og utan hel, så veldig grei jobb. Begynne med vr.bord med 2 rette og 2 vrange, i ønska antal masker. Eg har faktisk brukt same pinnar (Nr.3) og same antal masker (48), men tjukkare garn til Storesøster. Lillebror sine lubbar er spøta i babyull. Etter ønska lengde på vr.bord byrjar "snurringa". Då flyttar ein mønsteret ei og ei maske, og spøtar tre omgongar likt, før ein igjen flyttar mønsteret. Eks: Byrjar vr.bord med 2 rette og 2 vrange, så byrjar "snurringa" med 1 vrang, 2 rette, 2 vrange, 2 rette osb..  Etter 3 omgongar blir det 2 vrange, 2 rette osb... Avslutt med først å spøta saman dei vrange, og så dei rette, og så alle.

Syns Lillebror var så sjønn med nye lubbar på :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar