søndag 14. august 2011

5 års bryllupsdag

På fredag som var, 12. august, hadde eg og min kjære mann vore ektefeller i 5 år! Jøss, så fort tida har gått, men det har skjedd mykje på den tida òg. Me har pussa opp og flytta 2 gonger, fått 2 ungar og hatt 4 ulike bilar. Me har vore veldig opptatt av andre ting enn kvarandre etter me gifta oss, men sjølvsagt òg av kvarandre = ungar ;)


Ei kollega av meg frå der eg jobba når me gifta oss, sa at det er viktig å feira bursdagar, men viktigare å feira bryllupsdag. Bursdagen kjem kvart år uansett, men bryllupsdagen/ekteskapet må ein jobba for å få feria. Dette syns eg var bra sagt, så derfor er me kvart år ute å ferie denne dagen aleine. I år, med ein liten gut heima, blei det ein lunsj ute aleina, på Café MM. Eller aleine og aleine...her i Haugesund var det sildajazz denne helga, så me var ikkje aleine. Men koselig å kunne gå ut å snakka saman, og kunne holde kvarandre i hendene, og ikkje trille barnevogn, eller rope etter ein 3-åring som stoppe å ser på nokon som et is, eller liknande.

Eg fekk forresten flotte roser av min kjære, rosa, og han sa at han ikkje visste kva rosa betydde, men eg sa at dei betyr vel at du fortsatt er glad i meg, og det stemte visst ;)  Han fekk oppskrifta på kjærleiken...om oppskrifta funke vett me ikkje, men syns "bilde" var koselig. Og saman med muffinsar som min kjære har bakt, såg ikkje oppskrifta så verst ut.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar