lørdag 23. april 2011

Påskehare og baby


For nokre veker sidan spøta eg nokre enkle kaniner. Desse er nå endelig satt fram som påskepynt. Dei er eggevarmerar, men har til nå berre blitt brukt som pynt. Kanskje me må koka oss egg til frokost imorgon. Påskeharen er spøta etter ei oppskrift eg fann på Drops design,påskehare. Enkle og sjønne.



Elles blei eg forrige lordag mamma for andre gong. Vakna i 6.30-tida av at ho på 3 år begynte å snakka. Kjente litt murringar, og desse gav seg ikkje når eg snudde på meg, slik kynnerane har gjort. Me stod opp i 7-tida og eg gjekk i dusjen. Sist fødsel hadde eg litt murringar om morgonen, og så opphold heilt til neste natt, så slik trudde eg det skulle gå denne gongen òg. Men slik blei det ikkje. Ettter frokost, der eg tvinga i meg ei halv skjeva mellom riene, ringte eg sjukehuset og Christoffer gjekk i dusjen, og eg ropte at han trong ikkje å bruka lang tid. Riene kom MYKJE tettare enn dei gjorde sist gong, og eg syns liksom me fekk inn å sjekka dette. Leverte Live til svigers ca. kl. 9, og kjørte til sjukehuset. Fekk inn på sjekk 9.35, hadde jammen full opning og det bar rett på fødestova. Sindre var ute 9.57! Hjelp, for ein kjapp fødsel, men eg var herlig opplagt etterpå, og alt i alt var det ein bra opplevelse.

Låg så to døgn på sjukehotellet før me reiste heim til oss sjølv. Har nå hatt ei veka med litt lite søvn(men han sove faktisk bra både dag og natt), melkespreng, litt skrik og skrål, men han er så herlige. Herligt med sånne grimaser som ser ut som smil, og sjønne små grynt. Live er flink storesøster, og hjelpe mamma og pappa, og så er ho heile tida bort å susse og kose på litlebror. Me e nå blitt ein litt større, herlige familie :) For å sjå fleire, finare bilder, sjå Christoffer sin blogg HER :)

2 kommentarer:

  1. Ååååå, sjå herlige prinsen da. Nydelige va han rett og slett.
    Og hjelpes for ein kjappe fødsel. Godt du hadde ein god opplevelse. Nyt resten av påsken.
    Snakkes, klem!

    SvarSlett
  2. Ja, han er sjønn, og han er eit sove- og puppetroll, så ikkje vanskelig å ha i hus :)

    SvarSlett