søndag 6. mars 2011

Oppgradert skohylle


I helga har eg vore på husmorferie med søster mi. Me møttes fredagskvelden i Stavanger, og der har me kost oss heile helga. Fredagen gjekk i avslapping på hotellrommet( som min mann var så elskverdig å betalte for oss i bonuspoeng, TUSEN TAKK!), men lordagen var me ute på handling, og eg fekk då augene opp for Åhlens!


Det er ein kjekk butikk-kjede, og tilfeldigvis hadde dei 20 % på alt på lordag, så der koste me oss.

Det eg skal visa her på bloggen min i dag er kanskje ikkje så spennande for andre, men noko eg har hatt lyst på ei stund. Eg har kjøpt meg store kvite LOVE-bokstavar, og foreløpig har dei fått plass på skohylla i gongen. Her har me òg ein sjønn figur, som liksom skal vera meg og mannen min :)

Eg syns den passa saman med bokstavane.

Eg har i kveld òg prøvd meg på å sy eit sånt hjerte som er så populære for tida.

Eg fekk ikkje heilt til opphenget, så derfor ingen nærbilete, men det kjem nok neste gong eg prøve meg. Har nemlig òg kjøpt sjønne stoff i Stavanger, så der kjem fleire hjerter :)

1 kommentar:

  1. Så kjekt at du koste deg i Stavanger :)
    Dei bokstavane e knallfine. Eg kjupte nåken i Sverige som ska få plass på soverommet når det e ferdig oppussa ;)
    Glede meg te å se mer av dei hjertene.

    Siri :)

    SvarSlett