søndag 13. mars 2011

Soveromsveggen og babyhuva


Når me for nokre veker sidan var til Frøken fryd i Isvik, kjøpte eg skilt, men òg bokstavar til å lime på vegg eller liknande. Desse har ikkje blitt hengt opp før denne helga. Me har malt strie på veggen på soverommet, og sist me prøvde noko liknande, fungerte dette ikkje. Derfor er eg nå spent på kor lenge dei heng før dei dett ned. Fungere det ikkje nå heller, må eg gjerne feste dei på speilet me har der, for det er i allefall slett. Syns teksten er sjønn, og noko mann min bør følgja ;)




Dottera mi vil vera med på alt som skjer, så når eg skulle ta bilde hoppa ho i senga vår, derav den uklare effekten.


Litt tydeligare er ho på dei neste bileta. Eg ville strikka ei lita huva til babyen som ikkje er så langt unna(5 veker til termin), men når eg var ferdig var den i største laget, som de ser. 3-åringen fekk ann på, og der satt den jo som eit skudd, så kanskje ho må bruke den til gutungen er 3 år. Huva er spøta i Mandarin petit og er etter ei oppskrift frå Mandarin babyhefte 0605.

Ellers har eg endelig tatt ned julegardinene, og kjøpt meg nye stovegardiner, og neste veka kjem det kanskje bilete av det. Godt å få det litt vårligare i allefall :)

Ha ei fin veka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar