mandag 21. mars 2011

30 år, og puppekake

Då er det jammen 30 år sidan eg blei født, og sjølv om ikkje kjenne meg så gamal, så hefte det meg ikkje å bli så gamal. Det er jo berre eit naturlig steg på livets veg, så kva anna kan ein gjera?


Helga gjekk i familie-besøk og kos, og idag var det tilbake på jobb(om enn berre for nokre dagar, då barselpermisjonen begynner neste helg). Og trur du ikkje mine herlige/utrulige/gode kollegaer hadde baka kake til meg...og ikkje har eg sett sånn kake før. Utrulig fin kake, og vanskelig å vita kor ein skal sette kakespaden i. Men eg turde til slutt, og inne i marsipanskallet var der kakebotn, med blåbær og vaniljekrem-fyll. Knallgod! Lurer de på kven som er artisten, så ta ein kikk på Window to alegria:  http://window.to/alegria . Her ser de òg mykje anna fint :) Takk, Anette!

Så det er både koselig, kjekt og spennande å bli 30 år, og noko alle kan sjå fram til :) Må alle få så flott puppekake som eg:)

4 kommentarer:

  1. Fantastisk kake :)
    Skal me prøve å treffast ein dag neste veke?

    SvarSlett
  2. Det va kjekt å feira deg i dag. Og kakå va barra knalltøffe :)
    Det blir trist å ikkje ha deg på jobb, men unne deg ei fantastiske permisjonstid hjemma med ungane.
    Stor klem :)

    SvarSlett
  3. Ja, det må me klare..eg har fri kvar dag neste veka ;) Me kan snakkas/skrivas på mobilen. Sei berre ein dag det passe for deg du :)

    SvarSlett
  4. Kjem t å savna dåkken på jobb òg, men eg kjem ofte innom..jaffal nå i vår :)

    SvarSlett