søndag 13. februar 2011

Kva skjer her i huset...

Idag har eg ikkje noko nytt ferdig håndarbeid å visa fram. Eg har fleire prosjekter under produksjon, og fleire ting eg har lyst å laga, men det er det å få tida til å strekke til. Nå når eg er gravid, og fortsatt jobbe 100 % på småbarnsavdeling i barnehage, kjenne eg at det skal litt til for å dra meg igong om kveldane. Eg har nokre syprosjekter av kler til Live, som eg skulle ha fått sydd snart. Ei ballongbukse og ein tunika, i tillegg har eg ein kjole som er så og seie ferdig som kun mangle få sømmar.

Med denne klumpen i magen har eg lyst å strikka noko til han, men eg har ikkje bestemt meg for kva det skal vera. Eg har bomullsgarn, Mandarin petit som vente, i fleire blåfargar og kvit og brun, men kva skal det bli? Nokon som har gode forslag??

Eg fann for nokre dagar sidan ei fin huva på ein blogg, så den byrja eg å spøta til meg sjølv igjår..kanskje den kjem i bloggen neste helg :)

Så dette er litt av ståa nå, og så fekk eg stoff og stil-katalog i posten denne veka, så kanskje eg skal bestilla meg nye stoff og mønster. Skulle òg hatt nye stovegardiner..kanskje eg sko ha sydd dei sjølv..

Hage-messig må eg òg snart begynna å planlegga kva som skal gjerast når frosten gir seg. Sådde ikkje ein einaste løk i haust, men håpe mange kjem att av dei eg har sådd før. Ellers har eg nokre bedd eg har lyst å gjera mykje med, så her må det litt planlegging til. Spørs kor mykje eg får gjort med stor mage, eller liten baby, men litt søv han vel :) Planar blir nok òg blogga her :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar