mandag 7. februar 2011

Finfine gryteklutar


Der er stadig nye håndarbeidsprosjekt her i huset, og nå er det hekla gryteklutar. Mor mi fann desse i eit Familien-blad, og sa ho kunne strikka rosa tunika til dotter mi, viss eg hekla desse til ho. Grei byttehandel syns eg, men det tok lengre tid enn tenkt. Eg hadde noko solberg-garn liggande, som eg byrja med. Kjøpte òg meir, men det var i tynnaste laget, så når det blei tomt på det eg hadde, fann eg ut at eg måtte kjøpe nytt/ny type. Fekk høyra på ein butikk at Mandarin petit var mykje brukt til gryteklutar, så i januar gjekk eg endelig til innkjøp av dette. Raudt og kvitt, så dette blir nok jule-klutar.

Eg har aldri hekla med to fargar før, så dette var nytt, men det var enkel og grei oppskrift. La opp 56 masker med kvitt, og hekla tilbake, for så å bruke den raude tråden fram og tilbake. Dette blir nesten som to lag garn, noko som er greit når ein skal ta varme gryte og steikebrett med dei.

Som små hjerter står den raude fargen fram i dette spesielle heklemønsteret..blei ganske sjønne :)

Oppskrifta:

Materialer: Solberg fiol/ eller Mandarin petit som eg har brukt.

Heklenål: 2,5 mm

Legg opp 56 lm med kvitt garn(m-tal delelig med 5+1 m)

1.rad: Frå retta med kvitt: 1 st i 4 lm. frå nåla, 1 lm, 1 st i kvar av dei 2 neste m, (hopp over 1 m, 1 stav i kvar av dei 2 neste m, 1 lm, 1 m i 2 av dei neste m.) 10 ggr= 11 stgr. Trekk ut tråden og la tråden henge når du hekler neste rad.

2.rad: Frå retta med raudt: Beg. i same side som 1. rad, fest tr med 1 kjm i lm i første stgr, 3 lm(=1 st), 1 st + 1 lm + 2 st om same lm, (2 st + 1 lm + 2 st) om lm i neste stgr.) 10 ggr= i alt 11 stgr. Trekk ut løkka, og la tråden henge.




3. rad:
Frå vranga med kvitt: Sett den kvite løkka på nåla, snu med 7 lm (= 1 st + 4 lm), brett raden med raude stgr mot deg slik at du kan hekle kun i den kvite raden nedanfor. Hekle 1 st mellom de to første stgr på 1. rad, ( 4 lm, 1 st mellom dei to neste stgr på 1. rad) 10 ggr -siste st  hekles mellom dei 2 siste st på 1. rad.

4.rad: Frå retta med kvitt: Snu med 3 lm, hekle 2 st + 1lm + 2 st med nedtak om dei to foregåande radane - om 4 lmb på 3. rad og lm i stgr på 2. rad, (2 st + 1 lm + 2 st om slik nettopp forklart) 10  ggr, slutt med 1 st om lmb i kanten av 3. rad. Trekk ut løkken og la tråden henge.

5. rad og 6. rad: Frå vranga og retta med raudt: Som rad 3. rad og 4. rad, men hold raud tråd på eine sida, og kvitt på andre. Altså brett raden med kvite stgr frå deg, slik at du kun hekler i den raude raden nedanfor.

Gjenta 3.-6.rad 9 ggr til, slutt med 3. og 4. rad.

Kant: Frå retta med kvitt: Hekla 1 omg fm med ei hempe av 15 lm i eit hjørne -pass på at du heklar i begge lag/fargar langs sidekantane. Avslutt med ein picotkant slik: * 5 lm, 1 fm i den første av dei 5 lm, hopp over 1 fm, 1 fm i neste fm, gjenta * -ut omg. men med 20 fm om hempen, slutt med 1 kjm i 1. lm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar