mandag 18. oktober 2010

Monsterbukse



For ganske lenge sidan sa eg til dotter mi att eg ville strikka ei monsterbuksa til ho, og eg la opp dei første maskene. Ikkje mange minutt seinare spurde ho om den snart var ferdig. Vidare har ho snakka om korleis det blir når ho har monsterbuksa på seg, og alle berre seie: uæææ..eit monster! Så nå er det stor stas at monsterbuksa endelig er ferdig, sjølv om det er kjekkare å ha monsteret framme slik at ho ser det sjølv :)

Nabokona spøta monsterbuksa til dotter si i fjor, og sidan det har eg tenkt på det, og tenk at eg faktisk fekk gjort det nå i haust, slik at ho kan bruke den heile vinteren. Yes, endelig noko eg har gjort rett :)



Mønsteret eg har tatt utgongspunktet i er frå denne bloggen:  http://dubedaare.blogspot.com/2009/08/monsterbukser-oppskrift.html



Eg har brukt Trysil garn som ein får kjøpt på Europris. Dette er ullgarn, og "anbefalte" pinnar er 3,5  - 4. Eg brukte nr. 3 pinnar som eg la opp på, og avslutta med, og brukte 3,5 på resten. Tenner og auger sydde eg på til slutt med maskesting, og det fungerte greit, sjølv om det sjølvsagt kunne vore finare. Men ho som skal bruke buksa er fornøgd, og sa når tennene var ferdige; Så rare tenner, mamma.. og så lo ho, så det blir nok ei populær bukse i vinter.

Så nå er eg begynt på lubbar/tjukke sokkar/raòggsokkar i reste-garnet, så kanskje dei òg kanskje slår ann i vinter, men dei blir utan tenner og auger ;)

2 kommentarer:

  1. Du e kjempeflinke altså!
    Tippa den buksa blir god i høst/vinter :-D

    SvarSlett
  2. Takk Siri! Ja, buksa blir god i vinter :)

    SvarSlett