søndag 29. august 2010

Mønstrete sommarbukse



Buksa er blitt sydd, men det tar litt tid å få lagt innlegg her. 21. juli var buksa ferdig, og idag kjem bilda susande. Denne er sydd i same stoff som portemoneen, mønstrete trykt bomullstoff, som er frå Stoff og stil. Mønsteret er òg frå stoff og stil, og dette mønsteret er i str. 4 år.

Dette er mykje for stor for mi litle jenta på snart 3 år. Så eg måtte legga opp ca 20 cm i lengden på beina, men eg gjorde lite med mønsteret øverst på buksa, sidan det er strikk både i livet og over brystet. Håpe buksa kan brukast neste år òg.

I mønsteret stod det at det skulle vera bånd både i livet og rundt anklane, men eg valgte strikk her. Kun over skuldera eg brukte knyttebånd. Hadde litt lyst å prøva vaffelstrikk over bringa, men fann ikkje rette tråd-strikken. Det får eg prøva ein annan gong. Til slutt sydde eg på raude pyntebånd på beina og knappar på knyttebånda over skuldrene.

Buksa er nå blitt brukt nokre gonger i sommar, og den var så fin på litlo. Eg er spent på om den kan bli brukt fleire gonger i år, for nå kjem visst hausten. Likevel er eg opptimistisk angåande bruk neste år.  Trur den er stor nok til å brukes då òg.



1 kommentar:

  1. Så flotte buksa va :-D
    Du e kjempeflinke og nøyen ser eg. Blir litt fort og gale med meg innimellom ;-)

    SvarSlett