søndag 22. august 2010

Liten oppdatering, seinsommar 2010

Eg fann nå ut at eg kan jo legga ut ein blogg om ståa, sjølv om eg ikkje har bilde til å matche. Eg har vore litt i sommarmodus nå, og ikkje bedreve så mykje håndarbeid i det siste. Eg har sydd ei sommarbukse til dotter mi, og så fort eg får somla meg til å ta bilder av den, så skal eg oppdatera om den.

Ellers har eg forsiktig prøvd meg på Makramè i sommar. Eg kom over ein folder på ein hobbybutikk, og tenkte at eg kunne prøva det. Dette er ein fletteteknikk, som er vel mest brukt til å fletta belter med perler, og liknande. Eg syns ikkje det var så veldig spennade, så spørs om det kjem bilder av det her.

Mitt neste prosjekt nå, blir å sy ein pyjamas til ein nevø, og så har eg nokre bilder som skal broderast, men som blei lagt vekk då eg ikkje klarte å finne rett tråd til rett nummer. Eg får gi det eit nytt forsøk i haust. Plutselig kjem jul òg, så kanskje det er noko eg skal gjera før det eg bør tenka på snart...Hmmm?!

Kjøkkenhagen som eg styrte slik med i vår, har eg latt styra seg litt sjølv. Eg har derimot funne ut kva eg kan gjera neste år for å halda kattar vekke. Då set eg opp ein stolpe i kvart hjørne av åkeren, og legg bærnett(slike nett ein bruker på bærbuskar) over, og legg noko slik at ann ligg nedtil. Då skal ikkje kattar komma inn der. Og så har me fått flotte epler i år, så dei skal eg òg ta bilete av og legga ut her.

Så slik er ståa så langt...eg skrive forhåpentlig snart igjen, og legg ut nye, forbetra bilete. :)

2 kommentarer:

  1. Heia!

    Kosligt å følga deg på bloggen og, sjøl om eg ser deg nesten kvar dag ;-)
    Boleroen din va knallfine in real life. Bildene yte ikkje rettferd syns eg ;) Du må nok ta bildene med kamera som Christoffer seie...
    God helg!

    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, eg må berre få gjort det ein dag! Eg skal skjerpa meg :)

    SvarSlett