søndag 21. mars 2010

Ein liten amagurumi

Amagurumi betyr "hekla kosedyr", og her har eg hekla ein liten maskot. Oppskrifta fann eg på mamma.no, og der var to andre kosedyr òg. Eg har òg laga ein i brunt og raudt, og desse to skal mine to kollegaer få nå før påske. Eg fekk blom av dei til jul, og eg burde gitt noko i retur då. Idéar mangla eg då, men når eg fann desse maskotane så syns eg det var ein god idé. Eg håpar at dei blir godt mottatt.

Eg har kjøpt litt vel grove karbinkrokar, men dei fungere. I tillegg har eg ikkje festa trådar i huva, men laga ei fletta som eg har knytta rundt halsen som eit skjerf.
Det einaste eg har att er å sy på auger, og eg trur eg berre bruker svart tråd, då eg ikkje har perler heima.

Her er oppskrifta eg har brukte:


Dette var ei grei oppskrift, og du kan bruka dei fargane du har heima. Garnet eg har brukt er Mandarin petit, Sandnesgarn, som var noko restegarn eg hadde liggande. Lykke til til andre som vil prøva :)

1 kommentar: