søndag 21. mars 2010

Huva med hello kitty-merke

I vinter strikka eg ei huva til dottera mi. Eg bruke mykje dei gratis oppskriftene eg finne på garnstudio.com, og til denne huva bruka eg denne oppskrifta: http://garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=s12&d_id=2&lang=no

Eg hadde ikkje drops-garn tilgjengelig, men hadde kjøpt garn på europris. Trysil artic trur eg det heiter, og er ullgarn. Huva er spøta frå toppen og ned, noko som eg trur er uvanlig, men det fungerte greit.

Etter at huva var ferdig og einsfarga, hadde ikkje 2-åringen min lyst å ha den på. Men så kom eg på ein idé. Eg fann eit bilde på internett av kjære frøken Kitti katti, som mi dotter kallar ho, og sydde eit enkelt bilde me attersting. Huva har i ettertid blitt mykje brukt av frøkena mi.
Kitti katti er ein sikker vinnar her i huset :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar