torsdag 24. juli 2014

Summertime and berries :)

Me har ein nydelig sommar i år. 
Trur det sjeldan har vore så fint som i år.
Me var forrige veka i dyreparken og på koselig barnas hotell rett ved dyreparken.
Svippa óg ein tur innom Kongeparken på veien heim.
Kjempe kjekk tur, og det funka med ungane på hotell :)

Og denne helga og veka har me nytt dagane heima. 
Eg har endelig rydda i rosebedet, så då måtte det fotograferast.






Mangle eit par rosebuskar før eg er fornøgd
Og sidan kamera var ute å lufta seg, tok eg bilete av årets frukter.

Solbær i fleng....syltetøy eller saft mon tru...

Store, fine stikkelsbær....fruktgraut kanskje...


Ripsa er hard ramma av barnehender, men kanskje der blir litt igjen til saft/fruktgraut/syltetøy


Plommer for første gong på 5 år! Glede meg t å smaka dei!

Ikkje så mykje epler i år, men litt er betre enn ikkje :)

Mitt sommarprosjekt...påfugl-genser(acne-liknanade)
Nå nyte me sommaren som best me kan, med plasking i basseng mange gonger kvar dag,
og ete is så ofte me kan ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar